
Statens Hus i Stad kommune. I februar neste år kan brukarane flytte inn. Ill: BESSEGGEN ARKITEKTER
Sist oppdatert: 12-01-2024 Pressemelding
Klart for Statens hus i Stad
Statsbygg har leia arbeidet med å samle Politiet, Skatteetaten, NAV og Stad kommune i nye Statens hus i Nordfjordeid. Innflyttinga er eit vellykka pilotprosjekt der målet er å samle offentleg kompetanse under same tak.
- Her står fordelane på rekke og rad! Brukarane får ei større fellesskapskjensle i nye lokale. Areal som blir delt gir økonomiske fordelar.
- Ikkje minst blir kvardagen lettare for publikum, som no kan kontakte fleire etatar på same stad, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.
Statsbygg har leia samlokaliseringa saman med Stad kommune som pilotkommune. No er ein leigekontrakt inngått med Sisa Invest AS.
I februar neste år kan brukarane flytte inn i eit 1880 kvm stort nybygg sentralt i Nordfjordeid.
Mange var interessert i å sikre seg dei statlege leigetakarane. Fleire lokale og regionale tilbydarar var med i konkurransen, og alle gav svært gode tilbod og løysingsforslag.
- Å få til ei samlokalisering av eit sterkt statleg fagmiljø på Nordfjordeid har vore ei hovudmålsetting for piloten Statens hus i Stad.
- Det har ikkje vore sjølvsagt at vi skulle få dette til, men no er vi der, seier prosjektleiar for piloten og kommunedirektør i Stad, Kristine Dahl:
- Stad kommune vil om kort tid kunne tilby fleksible og attraktive kontorplassar i vår «distriktshub». Dette arealet vil kunne bli ein node for statlege etatar og tilsette i heile landet, som ein lokalpolitisk respons på behovet for ein nyskapande distriktspolitikk
Skal styrke lokal kompetanse
Den vellykka samlokaliseringa starta for nokre år sidan, då Statsbygg fekk i oppdrag av Kommunal- og distriktsdepartementet å bidra i forprosjektet for Statens hus-konseptet.
Målet med konseptet er å bidra til å styrke samarbeidet i kompetanseklynger og eventuelt samlokalisere mindre einingar av statlege etatar i same bu- og arbeidsmarknadsregion.
Slik kan ein styrke det offentlege kompetansemiljøet i regionen, og gjere det lettare å behalde og rekruttere kompetanse i dei statlege etatane som finst på stadane.
I 2021 blei fire pilotprosjekt sett i gong i Stad, Orkland, Narvik og Lyngdal. Statsbygg har saman med kommunen leia pilotprosjektet i Stad, medan dei andre har vore leia av dei respektive kommunane.
Arbeidet med pilotane skal fortsette ut 2024.
- Det har mykje for seg å samle offentlege etatar på denne måten. Vi håper andre offentlege verksemder rundt om i landet lèt seg inspirere til å vurdere liknande tiltak.
- For vår del har samlokaliseringa i Stad har gitt oss viktig kunnskap, som vi tek med oss i det vidare arbeidet med å skaffe gode lokale til statlege aktørar, seier Harald Nikolaisen.